Jul på Sunnmøre

Jul på Sunnmøre er eit årvisst julehefte som vert utgjeve av SFUL. Inntektene går til Sunnmørsprisen.

Sunnmørsk kulturtradisjon

Den første utgåva av Jul på Sunnmøre kom ut i 1967. Dette var etter vedtak på årsmøtet til Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. Jul på Sunnmøre skulle vere eit blad, eller hefte som dei kalla det då, med mål om å vere eit framhald av den sunnmørske kulturtradisjonen, og ei naturleg vidareføring av folkeopplysningstradisjonen til Sunnmøre frilynde ungdomssamlag. Bladet skulle også vere med på å halde oppe den nynorske skriftkulturen ved at overskotet av bladet skulle gå til fondet for Sunnmørsprisen, som Sunnmøre frilynde ungdomssamlag delte ut. (Sjå føreordet til det første bladet.)

Skiparane av bladet var Asbjørn Bortne, Ivar Grimstad og Ivar Grøvik. Ivar Grimstad var også formann i nemnda for Sunnmørsprisen frå 1953 til 1990. Bortne, Grimstad og Grøvik var sidestilte redaktørar for Jul på Sunnmøre frå starten til 1972. I 1973 vart Ivar Grøvik ansvarleg redaktør. Og han var redaktør til og med bladet i 1982. Alle dei tre skiparane var med til og med denne utgåva. Frå 1983 vart Maurits Årflot redaktør, og Roar Rønning kom med i redaksjonen. Bortne og Grimstad var med vidare. Asbjørn Bortne var med til og med bladet for 1985.

Ivar Grøvik døydde i 1984, og både Asbjørn Bortne og Maurits Årflot døydde i 1986.

Roar Rønning tok over som redaktør i 1987, og har vore det sidan. Cecilie Dahle Torbjørnson kom også med i redaksjonen dette året, og ho er framleis med. Ivar Grimstad, som døydde i 2006, var med i Jul på Sunnmøre-redaksjonen til og med 1997-utgåva.

Gjennom åra har Jul på Sunnmøre hatt mange gode medarbeidarar i redaksjonen, i kortare eller litt lenger tid. Slik reknar vi også med at det vert i åra frametter, og vona er at Jul på Sunnmøre får ei lang framtid.    


Føreordet til første utgåve av Jul på Sunnmøre:

Tanken om å gje ut eit julehefte for Sunnmøre har vore drøfta i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag fleire gonger, men det har ikkje ført til noko. Siste vinter kom det skriv til samlaget om denne saka. Styret gjorde då vedtak om at årsmøtet skulle drøfte spørsmålet. Der vart det gjort vedtak om at ei nemnd skulle vurdere saka. Etter årsmøtevedtaket fekk underskrivne fullmakt til å setje tiltaket i verk, og å stå for redaksjonen.

Vi har så drøfta saka og kom til at vi skulle “våge vona” og setje tiltaket i gang. Sameleis vart vi samde om at heftet skulle få namnet “Jul på sunnmøre”.

Ein har og vorte samde om at eit eventuelt overskot skal gå til fond for Sunnmørsprisen og såleis vere med å sikre prisen for framtida.

vi vonar at sunnmøringane vil ta imot “Jul på Sunnmøre” med velvilje, og at mange vil kjøpe det. Vi har og den vona at ungdomslaga vil ta eit stortak med salet kvar i sine bygder. Ungdomslaga har og skylnad til å gjere det, då heftet vert gjeve ut i samsvar med årsmøtevedtak.

Diverre vart førebuingstida noko knapp, og ymse “barnesjukdommar” har alt meldt seg, men dette skal nok rette seg etter kvart ein får røynsle i arbeidet med heftet.

I samsvar med tittelen, “Jul på Sunnmøre”, vil vi ynskje alle lesarane ei god jul og eit godt nyttår.

Asbjørn Bortne, Ivar Grimstad og Ivar Grøvik, 1967.

Førsteutgåva av Jul på Sunnmøre, 1967.

Redaksjonsnemnda for JPS

  • Roar Rønning

    HOVDEBYGDA

  • Cecilie Dale Torbjørnson

    VOLDA

  • Vidar Parr

    FISKÅ